Norsk Oversettelse 1938
|
| 1 |
| Dette var sønene åt Israel: Ruben, Simeon, Levi og Juda, Issakar og Sebulon, |
| 2 |
| Dan, Josef og Benjamin, Naftali, Gad og Aser. |
| 3 |
| Sønene åt Juda var Er og Onan og Sela; desse tri fekk han med dotter åt Sua, kana'anitarkvinna. Men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og han laga det so at han døydde. |
| 4 |
| Med Tamar, sonekona si, fekk Juda sønene Peres og Serah, so han i alt hadde fem søner. |
| 5 |
| Sønene åt Peres var Hesron og Hamul. |
| 6 |
| Sønene åt Serah var Simri og Etan og Heman og Kalkol og Dara; dei var i alt fem. |
| 7 |
| Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førde Israel i ulukka, med di han ikkje for ærleg åt med det som var vigt til Herren. |
| 8 |
| Etan hadde sonen Asarja. |
| 9 |
| Sønene som Hesron fekk, var Jerahme'el, Ram og Kelubai. |
| 10 |
| Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahson, som var hovding yver Juda-borni. |
| 11 |
| Og Nahson fekk sonen Salma, og Salma fekk sonen Boas. |
| 12 |
| Og Boas fekk sonen Obed, og Obed fekk sonen Isai. |
| 13 |
| Isai fekk sonen Eliab, det var fyrste sonen hans; den andre heitte Abinadab og den tridje Simea, |
| 14 |
| den fjorde Netanel, den femte Raddai, |
| 15 |
| den sette Osem, den sjuande David. |
| 16 |
| Systerne deira heitte Seruja og Abiga'il. Seruja hadde sønene Absai og Joab og Asael, tri i talet. |
| 17 |
| Abiga'il fekk sonen Amasa. Far åt Amasa var Jeter ismaeliten. |
| 18 |
| Kaleb, son åt Hesron, fekk born med Asuba, kona si, og med Jeriot; sønene hennar var Jeser og Sobab og Ardon. |
| 19 |
| Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kona; med henne fekk han sonen Hur. |
| 20 |
| Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel. |
| 21 |
| Sidan gifte Hesron seg med ei dotter åt Makir, far åt Gilead. Han var seksti år gamal då han tok henne til kona; med henne fekk han sonen Segub. |
| 22 |
| Segub fekk sonen Ja'ir, han åtte tri og tjuge byar i Gileadlandet. |
| 23 |
| Men gerusitane og aramearane tok frå dei Ja'irsbyane og like eins Kenat med landsbyane som låg ikring - i alt seksti byar. Alle desse var søner åt Makir, far åt Gilead. |
| 24 |
| Hesron hadde endå ei kona som heitte Abia; med henne fekk han sonen Ashur som var far åt Tekoa; ho åtte han etter Hesron var avliden i Kaleb-Efrata. |
| 25 |
| Sønene åt Jerahme'el, eldste son hans Hesron, det var Ram, den eldste, og Buna og Oren og Osem; dei sønene fekk han med Akia. |
| 26 |
| Men Jerahme'el hadde ei onnor kona og, som heitte Atara; ho vart mor åt Onam. |
| 27 |
| Sønene åt Ram, eldste son åt Jerahme'el, det var Ma'as og Jamin og Eker. |
| 28 |
| Sønene åt Onam var Sammai og Jada, og sønene åt Sammai var Nadab og Abisur. |
| 29 |
| Kona åt Abisur heitte Abiha'il; med henne fekk han sønene Akban og Molid. |
| 30 |
| Sønene åt Nadab var Seled og Appa'im. Seled døydde barnlaus. |
| 31 |
| Appa'im fekk sonen Jisi, og Jisi fekk sonen Sesan, og borni åt Sesan var Aklai. |
| 32 |
| Sønene åt Jada, bror hans Sammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus; |
| 33 |
| men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var sønene etter Jerahme'el. |
| 34 |
| Sesan hadde ingi søner, anna berre døtter. Men Sesan hadde ein tenar som var frå Egyptarland og heitte Jarha; |
| 35 |
| so let han Jarha, tenaren sin, få dotter si til kona, og med henne fekk han sonen Attai. |
| 36 |
| Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk sonen Sabad, |
| 37 |
| og Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk sonen Obed, |
| 38 |
| og Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk sonen Asarja, |
| 39 |
| og Asarja fekk sonen Hales, og Hales fekk sonen Elasa, |
| 40 |
| og Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk sonen Sallum, |
| 41 |
| og Sallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk sonen Elisama. |
| 42 |
| Sønene åt Kaleb, bror hans Jerahme'el, var Mesa, som var eldste sonen hans - han var far åt Sif - og sønene åt Maresa, far åt Hebron. |
| 43 |
| Sønene åt Hebron var Korah og Tappuah og Rekem og Sema. |
| 44 |
| Sema fekk sonen Raham, som vart far åt Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sammai. |
| 45 |
| Son hans Sammai var Maon, og Maon var far åt Betsur. |
| 46 |
| Efa, fylgjekona hans Kaleb, åtte sønene Haran og Mosa og Gases, og Haran fekk sonen Gases. |
| 47 |
| Sønene åt Jehdai var Regem og Jotam og Gesan og Pelet og Efa og Sa'af. |
| 48 |
| Ma'aka, fylgjekona hans Kaleb, åtte sønene Seber og Tirhana. |
| 49 |
| Ho åtte og sonen Sa'af, som vart far åt Madmanna, og Seva, som vart far åt Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter og, som heitte Aksa. |
| 50 |
| Dette var sønene hans Kaleb: Sobal, son åt Hur - som var eldste son åt Efrata - og far åt Kirjat-Jearim, |
| 51 |
| og Salma, far åt Betlehem, og Haref, far åt Bet-Gader. |
| 52 |
| Sønene hans Sobal, far åt Kirjat-Jearim, var Haroe og helvti av Hammenuhot-ætti. |
| 53 |
| Kirjat-Jearims-ættene var jitritane og putitane og sumatitane og misra'itane; frå dei hev soratitane og estaolitane kome. |
| 54 |
| Sønene åt Salma var Betlehem og netofatitane, Atrot-Bet-Joab, og helvti av manahtitane, soritane. |
| 55 |
| Ættene åt dei skriftlærde som budde i Jabes, var titratitane og simatitane og sukatitane. Dette var dei kinitane som var ætta frå Hammat, far åt Rekabs-ætti. |
|
| Lagre Notater |
https://beblia.bible:81/BibleAudio/norwegian1938/1chronicles/002.mp3
29
2