Då sa Herren til Moses: Høyr her! Eg skal koma til deg i ei tett sky, so folket kann høyra når eg talar med deg; då skal dei alltid tru på deg. Då Moses hadde sagt Herren kva folket svara,
Og du skal setja ei stengsla for folket rundt ikring og segja: Vara dykk og gakk ikkje upp på fjellet, og kom ikkje innåt det! Kvar den som kjem innåt fjellet, skal døy.
Ingen må taka si hand i han! Han skal steinast eller skjotast; anten det er dyr eller folk, so skal dei lata livet. Men når hornet ljomar med lange tonar, då skal dei stiga upp på fjellet.
So var det tridje dagen med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var.
Då sa Moses til Herren: Folket kann ikkje koma upp på Sinaifjellet. For du hev sjølv vara oss og sagt: Set eit gjerde kring fjellet og lys det heilagt!
Og Herren sa til han: Gakk no berre ned og kom so upp att, både du og Aron! Men prestane og ålmugen må ikkje brjota seg fram og stiga upp til Herren; for då kjem han til å fara inn imillom dei.