Men gjeng det fyre seg etter soli hev runne, so vert det ei dråpssak. Tjuven skal gjeva full bot. Eig han ingen ting, so skal han seljast til bot for det han hev stole.
Når ein mann beiter bøen eller vingarden sin, og slepper feet sitt utyver so det kjem til å beita på annan manns bø, då skal han gjeva i bot det beste som veks på bøen eller i vingarden hans.
Når det kjem upp lauseld og det fatar i eit klungergjerde, og eit kornband eller uskore korn eller heile åkeren brenn upp, då skal den bøta skaden som kveikte elden.
Når ein mann gjev næsten sin pengar eller eigneluter til gøymings, og det vert stole utor huset det ligg i, då skal tjuven, so sant han vert funnen, tvibøta det.
Men vert ikkje tjuven funnen, so skal dei leida huseigaren fram for Gud, so dei kann få vita um han ikkje hev rett ut handi si etter det som næsten hans åtte.
Kvar gong det gjeld ei tjuvesak, anten det er ein ukse eller eit asen eller ein sau eller klæde eller eitkvart anna som er burtkome, og so ein segjer: Han er det! då skal saki millom dei tvo koma fram for Gud, og den som Gud dømer skuldig, skal bøta tvifald til den andre.
Når ein mann set burt eit asen eller ein ukse eller ein sau eller noko anna dyr til næsten sin, og det døyr eller kjem til skade eller vert rana vitnelaust,
då skal eiden skilja millom dei: han skal kalla Herren til vitne på at han ikkje hev rett ut handi etter det som næsten hans åtte; den eiden skal eigaren taka for god, og hin skal ingi bot leggja.
For den er det einaste han hev til å sveipa kring seg; den er det han skal klæda lekamen sin med; kva skal han elles liggja i? Når han ropar til meg, skal eg høyra det; for eg er miskunnsam.