So skal du kalla Aron, bror din fram for Israels-lyden, både han og sønene hans, og setja dei til prestar for meg - Aron og Nadab og Abihu og Eleasar og Itamar, sønene hans Aron.
Du skal tala med alle dei som er hage av seg, og som eg hev fyllt med kunstnarånd, og so skal dei gjera den klædebunaden som Aron skal hava på seg når han vert helga til å vera prest for meg.
Høyr no kva det er for klæde dei skal gjera: ein bringeduk og ein messehakel og ein prestekjole og ein brogdut underkjole og ei huva og eit belte. Det er den heilage klædebunaden dei skal gjera til Aron, bror din, og sønene hans, so han kann vera presten min,
Det skal vera eit belte på han til å halda han i hop med, og det skal vera like eins voven som messehakelen og samvove med han, gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn.
på same måten som dei skjer ut i stein eller grev ein seglring, skal du grava inn namni åt Israels-sønene på desse tvo steinane, og so skal du fella dei inn i fatingar av tvinna gull.
Båe steinane skal du setja på akslebandi åt messehakelen, so dei skal minna um Israels-borni; og når Aron stend for Herrens åsyn, skal han bera namni deira på båe herdane til ei minning.
So skal du gjera ein domsbringeduk. Vent voven skal han vera, som messehakelen; av gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn skal du gjera han.
Steinane skal vera tolv i talet, etter namni åt Israels-sønene, ein for kvart namn; på kvar stein skal namnet åt ei av dei tolv ættene vera inngrave som på ein seglring.
So skal dei binda ringane på bringeduken til ringane på messehakelen med ei snor av blå ull, so bringeduken kjem til å sitja ovanfor beltet og ikkje kann rikkast frå messehakelen.
Og når Aron gjeng inn i heilagdomen og stend framfor Herrens åsyn, då skal han bera namni åt Israels-sønene innmed hjarta sitt, i domsbringeduken, so Herren all tid skal koma dei i hug.
Inn i domsbringeduken skal du leggja urim og tummim; dei skal liggja innmed hjarta åt Aron kvar gong han stig fram for Herrens åsyn, so Aron all tid skal bera domen yver Israels-borni på hjarta sitt framfor Herren.
Den kjolen skal Aron hava på seg kvar gong han gjer tenesta, so ljoden av han kann høyrast når han gjeng inn i heilagdomen og stig fram for Herren, og når han gjeng ut att - so han ikkje skal døy.
Uppyver panna hans Aron skal ho sitja, so Aron kann bera den syndi som heng ved dei heilage offeri som Israels-borni vigjer til Herren - alle dei heilage gåvone som dei ber fram. Ho skal all tid sitja uppyver panna hans, so dei skal vera velsedde for Herrens åsyn.
Og dei skal Aron og sønene hans hava på seg når dei gjeng inn i møtetjeldet eller stig fram åt altaret og skal gjera tenesta i heilagdomen, so dei ikkje skal føra skuld yver seg og lata livet. Det skal vera ei lov for han og ætti hans i all æva.