Moses gjette no småfeet åt Jetro, verfar sin, presten i Midian. So var det ein gong han dreiv småfeet burt um øyde, arki og kom til Gudsfjellet, til Horeb.
Der synte Herrens engel seg for han i ein eldsloge, som slo beint upp or ein klungerrunne; han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje upp.
Og no hev eg stiga ned og vil fria dei ut frå egyptarane og føra dei upp frå dette landet til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kana'anitane er og hetitane og amoritane og ferisitane og hevitane og jebusitane.
Og han sa: Ja, for eg skal vera med deg! Og det skal du hava til merke på at det er eg som hev sendt deg: Når du hev ført folket ut or Egyptarland, so skal de halda gudstenesta på dette fjellet.
Då sa Moses til Gud: Men når eg no kjem til Israels-borni og segjer til dei: Gud åt federne dykkar hev sendt meg til dykk, og dei so spør: Kva er namnet hans? - kva skal eg då svara dei?
Og endå sa Gud det til Moses: So skal du segja til Israels-borni: Herren, Gud åt federne dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt i all æva, og so skal dei kalla meg ætt etter ætt.
Gakk no du og samla i hop dei øvste i Israel og seg til dei: Herren, Gud åt federne dykkar, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud, hev synt seg for meg og sagt: Eg hev havt auga med dykk og veit korleis dei fer åt med dykk i Egyptarland.
Og eg sa: Eg vil fria dykk ut or alt det vonde de lid i Egyptarland, og føra dykk til landet åt kana'anitane og hetitane og amoritane og ferisitane og hevitane og jebusitane, eit land som fløymer med mjølk og honning.
Eg dei skal gjeva gaum etter ordi dine, og so skal du ganga fram for kongen i Egyptarland, du og dei øvste i Israel, og de skal segja til han: Herren hebrearguden, hev møtt oss! Gode, gjev oss lov til å fara tri dagsleider ut i øydemarki og ofra til Herren vår Gud!
men kvar kona skal beda grannekona si eller den ho bur i hus med, um sylv og gull og helgeklæde, og det skal de lata sønene og døtterne dykkar hava på seg; det skal vera herfanget de tek av egyptarane.