Då folket såg at Moses drygde med å koma ned av fjellet, flokka dei seg um Aron og sa til han: Kom, gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, som førde oss upp frå Egyptarland.
Og Aron tok imot gullet, støypte det um og laga det med beitelen so det vart som ein kalv. Då ropa dei: Dette er din Gud, Israel, han som førde deg upp frå Egyptarlandet!
Dagen etter reis folket upp i otta og ofra brennoffer og bar fram takkoffer; sidan sette dei seg til å eta og drikka og stod so upp att og gav seg til å leika.
Dei hev vore snøgge til å taka utav den vegen eg sa dei skulde fylgja. No hev dei støypt seg ein gullkalv; den legg dei seg på kne for og ofrar til han og ropar: Dette er din Gud, Israel, han som førde deg upp frå Egyptarlandet.
Men Moses freista å blidka Herren sin Gud og sa: Herre, kvi vil du sleppa harmen din laus imot folket ditt, som du hev ført ut or Egyptarlandet med di store makt og di sterke hand?
Skal då egyptarane få det å segja: Det var ikkje for det gode han førde dei ut or landet; han vilde drepa dei i fjelli og rydja dei or verdi. Døyv harmen som brenn i deg, og legg ned hemntankane mot folket ditt!
Kom i hug Abraham og Isak og Israel, tenarane dine, og det du lova dei då du svor ved deg sjølv: Eg vil auka ætti dykkar, so ho vert som stjernone på himmelen, og heile dette landet som eg hev tala um, det vil eg gjeva etterkomarane dykkar; dei skal eiga det i all æva.
So gjekk Moses ned att av fjellet, og i hand hadde han dei tvo vitnemålstavlone, tavlor som var fullskrivne på båe sidor, både på framsida og baksida var det skrive på dei.
Då Moses kom næmare innåt lægret og fekk sjå gullkalven og dansarflokkane, då vart Moses so harm at han kasta tavlone frå seg nedunder fjellet og slo dei sund.
Dei sa til meg: Gjer oss ein gud som kann ganga framfyre oss! For me veit ikkje kvar det hev vorte av denne Moses, han som førde oss upp frå Egyptarlandet.
og han sa til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Spenn sverdet på dykk alle mann! Gakk so att og fram i lægret, frå port til port, og hogg ned for fote brør og vener og frendar!
For Moses sa: I dag lyt de vigja dykk til prestar for Herren, um det so er med blodet av sønene og brørne dykkar; so skal han i dag gjeva dykk si velsigning.
Gakk no du og før folket dit som eg hev sagt deg! Sjå, engelen min skal ganga framfyre deg. Men når min time kjem, vil eg heimsøkja dei for syndi deira.