Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge, men den sjuande dagen skal de halda heilag kvild, ein høgheilag sabbat for Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.
og sidan kom dei, so mange som hjarta mana og hugen dreiv, og bar fram reidor åt Herren til arbeidet på møtetjeldet og til all tenesta der og til dei heilage klædi.
Dei kom, både menner og kvinnor, alle som hjarta dreiv, og hadde med seg allslags gull: spenne og øyreringar og fingerringar og kulelekkjor; og sameleis kom alle dei som dei vilde vigja eit gulloffer åt Herren.
Og alle som hadde blå eller purpurraud eller karmosinraud ull eller fint lingarn eller geiteragg eller raudleta verskinn eller takasskinn, dei kom med det.
Alle som vilde gjeva ei sylvreida eller ei koparreida, kom til Herren med reida si, og alle som hadde akasietre til noko av det som skulde arbeidast, dei kom med det.
Kvar mann og kvinna av Israels-borni som hjarta dreiv til å hjelpa til med det store verket som Herren hadde sett Moses til å gjera, dei kom friviljugt med ei gåva til Herren.
Han hev fyllt dei med kunstnargivnad, so dei kann både smida og snikra og gjera åklæde med innvovne bilete og rosor av blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint lingarn og veva kva dei vil, allslags arbeid kann dei greida og kunstverk kann dei tenkja ut.