Av den blå og purpurraude og karmosinraude ulli gjorde dei embetsskrudet til tenesta i heilagdomen og laga den heilage klædebunaden åt Aron, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Dei hamra gullet ut i plator og klypte det upp til tråd, so det kunde virkast inn i den blå og purpurraude og karmosinraude ulli og det fine lingarnet med kunstvevnad.
Beltet som vera på han og halda han i hop, var samvove med han og av same tyet - av gull og blå og purpurraud og karmosinraud ull og fint tvinna lingarn - soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
Steinane var tolv i talet etter namni åt Israels-sønene, ein for kvart namn; og på kvar stein var namnet åt ei av dei tolv ættene inngrave liksom på ein seglring.
og so batt dei med ei blå ullsnor ringane på bringeduken i hop med ringane på messehakelen; so bringeduken sat ovanfor beltet og ikkje kunde rikkast frå messehakelen, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
fyrst ei bjølla og eit granateple, so ei bjølla og eit granateple att, og soleis rundt heile kjolefalden, til å bruka ved gudstenesta, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
No var det ferdigt alt det som skulde arbeidast åt tabernaklet, møtetjeldet, og Israels-borni hadde i eitt og alt gjort det soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
umhengi til fyregarden med stolpane og stabbane som høyrde til, og teppet til fyregardsporten og togi og pålane og alt det som skulde brukast til tenesta i tabernaklet, i møtetjeldet,
Og Moses skoda heile verket, og då han såg at det var ferdigt, og at dei i alle måtar hadde gjort det soleis som Herren hadde sagt, so velsigna han dei.