Og endå sa Herren til han: Stikk handi di barmen! So stakk han handi i barmen og drog henne ut att, og då han skulde sjå til, so var handi hans spilt og kvit som snø.
Då sa Herren: Stikk handi di i barmen endå ein gong! So stakk han handi i barmen att, og då han drog henne ut or barmen, då var ho like god att, og hadde same leten som fyrr.
men trur dei ikkje på noko av desse tvo teikni, og vil dei ikkje lyda på deg, so skal du taka vatn or elvi og ausa upp på turre marki; og vatnet som du tek or elvi, det skal verta til blod med det same det kjem på marki.
Men Moses sa til Herren: Orsaka meg, Herre! Eg hev aldri vore nokon munnfør mann, korkje fyrr, eller sidan du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt og seinmælt.
Då sa Herren til han: Kven er det som gjev menneskja munnen? Og kven er det som gjer mållaus eller dauv eller klårsynt eller blind? Er ikkje det eg, Herren?
Då vart Herren harm på Moses og sa: Hev du ikkje Aron, bror din, leviten? Han, veit eg, kann tala. Og rett no kjem han og møter deg, og når han ser deg vert han hjarteleg glad.
So gjekk Moses, og då han kom heim att til Jetro, verfar sin, sa han til han: Kjære deg, lat meg fara attende til brørne mine i Egyptarland og sjå um dei lever endå. Og Jetro svara: Far i fred!
Og Herren sa til Moses: Når du kjem attende til Egyptarland, so kom i hug at du gjer alle dei underi som eg hev gjeve deg makt til, so Farao ser på det. Men eg vil gjera han strid i hugen, so han ikkje let folket fara.
Og eg sa til deg: Lat son min fara, so han kann tena meg! Men du vilde ikkje lata han fara. Sjå difor vil eg no slå i hel din son, den eldste av sønene dine.
Og folket trudde; og då dei høyrde at Herren var komen og vilde lydast til Israels-borni, og at han hadde set kva vande dei var i, so la dei seg på kne og tilbad.