Då sa Herren til Moses: No skal du sjå kva eg vil gjera med Farao: Mi sterke hand skal nøyda han til å sleppa dei, og for den same sterke handi skuld skal han jamvel driva dei ut or landet sitt.
Seg no til Israels-borni: Eg er Herren, eg vil taka av dykk dei tunge byrdene de ber for egyptarfolket, og løysa dykk or trældomen dei held dykk i, og fria dykk ut med fast arm og strenge domar;
eg vil taka dykk til mitt folk og vera dykkar Gud, og de skal sanna at eg er Herren dykkar Gud, som tek av dykk dei tunge byrdene de ber for egyptarfolket.
Og eg vil føra dykk til det landet som eg rette handi i veret på at eg vil gjeva Abraham og Isak og Jakob, og det vil eg gjeva dykk til eiga, eg er Herren.
Og Moses svara og tok til ords, der han stod fram for augo åt Herren: Du ser Israels-borni vil ikkje høyra på meg; er det då ventande at Farao skulde lyda etter det eg segjer, eg som endå hev u-umskorne lippor!
Soleis tala Herren til Moses og Aron og sende dei til Israels-borni og til Farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulde føra Israels-borni ut or Egyptarland.