|
| 1 |
|
| Ein engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalane. |
|
| 2 |
|
| Ja, som ei lilja millom klunger, so er min hugnad millom møyar. |
|
| 3 |
|
| Som ein apal millom trei i skogen, so er min ven millom sveinar; i skuggen hans hev eg å hug å sitja, og frukti er søt for min gom. |
|
| 4 |
|
| Inn i vinhuset hev han ført meg, og hans merke yver meg er kjærleik. |
|
| 5 |
|
| Styrk meg med druvekakor, kveik meg med eple! For eg er sjuk av kjærleik. |
|
| 6 |
|
| Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg. |
|
| 7 |
|
| Eg naudbed dykk, Jerusalems døtter, ved rådyri eller ved hindane i marki, at de ikkje vekkjer og ikkje eggjer kjærleiken, fyrr sjølv han so vil! |
|
| 8 |
|
| Høyr, der er min ven. Sjå der, han kjem springande yver fjelli, hoppande yver haugane. |
|
| 9 |
|
| Venen min likjest eit rådyr, ein unghjort svipar han på. Sjå der, no stend han bak veggen vår; han glytter gjenom gluggen, ser inn gjenom rimane. |
|
| 10 |
|
| Min ven tek til ords og segjer til meg: Statt upp, min hugnad, du mi fagre, og kom ut! |
|
| 11 |
|
| For sjå, no er vinteren slutt, regnet hev kvorve burt; |
|
| 12 |
|
| Blomane sprett i landet, songtidi er det no, og turtelduva kurrar i vårt land; |
|
| 13 |
|
| fiketre-frukti tek til å raudna, og blomen på vintrei angar. Statt upp og kom, min hugnad, du mi fagre, å kom! |
|
| 14 |
|
| Du mi duva i bergskardi, i livd under fjellveggen! Lat meg sjå din skapnad, lat meg høyra ditt mål! For ditt mål er so blidt og din skapnad so fager. |
|
| 15 |
|
| Fanga revane for oss, dei små revane som herjar i vingardane! For no stend våre vingardar i bløming. |
|
| 16 |
|
| Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor. |
|
| 17 |
|
| Innan dagen vert sval og skuggane flyr, kom att, min ven, lik eit rådyr eller den unge hjorten i skardute fjell. |
|
|
|
|