Skjem på mor dykkar, skjem på henne! For ho er ikkje kona mi, og eg er ikkje mannen hennar. Få henne til å hava burt horebragdene or andletet sitt og lauslynde-faktene frå barmen sin!
Elles skal eg klæda henne naki og te henne fram som ho var den dagen ho vart fødd, og gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende, og lata henne døy av torste.
For mor deira var ei horkvinna, ho som fekk dei, for skamleg åt - ho sa: Eg vil fara etter elskarane mine, dei som gjev meg maten min og vatnet mitt, ulli mi og linet mitt, oljen min og vinen min.
når ho renner etter elskarane sine, skal ho ikkje nå i dei, når ho leitar etter dei, skal ho ikkje finna dei. Då skal ho segja: Eg vil attende til den fyrste mannen min; for då hadde eg det betre enn no.
Difor skal eg taka att kornet mitt, når tidi er til det, og druvesafti mi, når stundi er komi, og taka burt ulli mi og linet mitt, som ho skulde løyna blygsli si med.
Eg skal øyda vintreet og fiketreet hennar, som ho hev sagt um: Dei er horeløni mi, som elskarane mine hev gjeve meg. Eg skal gjera dei til skog, og villdyri skal eta dei.
Eg skal heimsøkja henne for dei dagane då ho brende røykjelse for Ba'alane og prydde seg med nasering og halsgull og for etter elskarane sine, men gløymde meg, segjer Herren.
og so snart ho kjem derifrå, vil eg gjeva henne att vinhagane hennar og gjera Akordalen til ei dør som gjev henne von; der skal ho takka som i ungdomsdagane sine, som då ho for upp frå Egyptarlandet.
Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyri på marki og fuglane i lufti og kreket på jordi; og boge og sverd og krig vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil lata dei bu trygt.