og so skal han koma til Arons-sønene, til prestane, med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og oljen, og so all røykjelsen og brenna det på altaret til minningsoffer; då er det eit eldoffer som gjev god ange for Herren.
Når du vil bera fram eit matoffer av noko som er baka i omn, so skal det vera av fint mjøl, anten hellekakor med olje i eller oljesmurde tunnbrødleivar.
Når matofferet er tillaga på ein av dei måtane, skal du bera det fram for Herren. Du skal koma til presten med det, og han skal bera det fram åt altaret.
Eit matoffer som de vil bera fram for Herren, må aldri vera syrt; for det som det er surdeig eller honning, må de ikkje brenna til eldoffer for Herren.
Alle matoffer som du ber fram, skal du salta; aldri må du lata det vanta på salt i matofferet ditt. Saltet høyrer til pakti med din Gud; difor skal du bera fram salt attåt alle offeri dine.