Usæle dei som tenkjer ut urett og emnar på vondt medan dei ligg på lega si! Straks det lyser av dag, set dei det i verk, for di det stend i deira makt.
Difor segjer Herren so: Sjå, eg tenkjer ut vondt imot denne ætti, ulukkor som de ikkje skal vera god til å rista av halsen, og de skal ikkje få ganga so bratte i nakken heretter; for det vert ei vond tid.
Den dagen skal dei kveda ei nidvisa um dykk og syngja ein syrgjesong. Dei skal segja: No er det slutt, me er reint øydelagde; arven åt folket mitt skifter han ut til andre, sjå, kor han tek han ifrå meg! Til fråfalne skifter han ut vår jord.
Men alt lenge hev no folket mitt reist seg imot meg som min uven; de dreg kåpa av folk som gjeng trygge framum og ikkje vil vita av strid - so dei berre hev kjolen att.
Eg vil samla deg, Jakob, samla dykk so mange som de er; sanka i hop vil eg det som er att av Israel, eg vil føra dei saman som sauer til ei kvi, som ein buskap til sitt beite, so det vert ståk av menneske.