For endå lyt syni venta på si tid; men ho stundar etter målet og svik ikkje. Um ho drygjer, so bia på henne! For ho kjem nok, ho skal ikkje verta burte.
So er og vinen ein svikar; den skrøytande karen - ikkje skal han få bu i ro, han som gaper grådig som helheimen. Han er som dauden og vert ikkje mett, han hev sanka til seg alle folk og henta til seg alle folkeslag.
Alle dei skal i sanning setja i med nidvisor um han og sneida etter han i gåtor og segja: Usæl den som dungar i hop det han ikkje eig - kor lenge? - og som lesser på seg pantegods!
Av di du hev plundra mange folkeslag, so skal alle som vert att av folki, plundra deg for manneblod skuld og for valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.
Du vert metta med skam og ikkje med æra. Drikk sjølv og syn di fyrehud! Staupet i Herrens høgre hand kjem til deg i si tid, og skjemsla skal skyla di æra.
For valdsferdi di mot Libanon skal koma yver deg, og øydingi av dyri, som skræmde dei, for manneblod skuld og valdsverk mot jordi, mot byen og alle som bur der.
Kva gagnar eit utskore bilete, um no treskjeraren hev skore det? Eller eit støypt bilete, ein lærar i lygn, um no støyparen leit på det då han laga mållause avgudar?
Usæl den som segjer til stokken: Vakna! - til ein mållaus stein: Statt upp! Skulde den vera lærar? Han er då slegen med gull og sylv, og det finst ikkje ånd i han.