Norsk Oversettelse 1938
|
| 1 |
| So lyfte eg augo mine og fekk sjå fire horn. |
| 2 |
| Då spurde eg engelen som tala med meg: Kva er dette? Og han sa til meg: Dette er dei horni som hev spreidt Juda, Israel og Jerusalem. |
| 3 |
| So let Herren meg sjå fire smedar, |
| 4 |
| og eg spurde: Kva skal desse gjera? Han svara: Horni hev spreidt Juda, so at ingen torde lyfta hovudet; no er desse komne og skal skræma dei og slå av horni på dei heidningfolki som lyfte horn mot Judalandet til å spreida det. |
| 5 |
| Og eg lyfte augo mine og fekk sjå ein mann med ei mælesnor i handi. |
| 6 |
| Då spurde eg: Kvar skal du av? Han svara: Eg skal av og mæla Jerusalem og sjå kor breidt og kor langt det skal vera. |
| 7 |
| Då kom han fram den engelen som tala med meg, og ein annan engel kom imot han. |
| 8 |
| Og han sa til han: Spring og seg til den unge mannen der: Fritt og ope skal Jerusalem liggja; slik ei mengd med folk og fe skal finnast der. |
| 9 |
| Men eg skal sjølv vera ein eldmur rundt ikring, segjer Herren, og eg skal syna meg herleg der inne. |
| 10 |
| Høyr! Høyr! Skunda dykk burt frå Norderlandet, segjer Herren; for eg hev spreidt dykk for alle heimsens fire vindar, segjer Herren. |
| 11 |
| Høyr! Sion, berga deg undan, du som bur hjå Babels dotter! |
| 12 |
| For so segjer Herren, allhers Gud: For si æra skuld hev Herren sendt meg til heidningfolki som plundra dykk; for den som rører dykk, rører ved augnesteinen hans; |
| 13 |
| for sjå, eg lyfter handi mi mot dei, og dei skal verta til herfang for dei som no er trælane deira; og de skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg. |
| 14 |
| Ropa høgt av frygd og gleda, du Sions dotter! For sjå, eg kjem og vil bu hjå deg, segjer Herren. |
| 15 |
| Og mange heidningfolk skal gjeva seg til Herren på den dagen og verta mitt folk; ja, eg vil bu hjå deg, og du skal få sanna at Herren, allhers Gud, hev sendt meg til deg. |
| 16 |
| Og til sin eigedom og arvlut skal Herren taka Juda i det heilage landet og endå ein gong velja ut Jerusalem. |
| 17 |
| Ver stilt, alt kjøt, for Herren! For han hev rise upp og gjenge ut or sin heilage bustad. |
|
| Lagre Notater |
https://beblia.bible:81/BibleAudio/norwegian1938/zechariah/002.mp3
14
2