Heile hermakti som er mynstra i Rubenslægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi når de tek på vegen.
Møtetjeldet og Levilægret skal vera midt imillom lægri kvar gong de tek ut; som dei hev lægra seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana.
Heile hermakti som er mynstra i Efra'imslægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi so ofte de fer av stad.
Heile hermakti som er mynstra i Danslægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi under fanone sine kvar gong de tek i veg.
Dette var dei av Israels-borni som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.
Og Israels-borni gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt Moses fyre; soleis lægra dei seg under fanone sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.