men dei kunde ikkje koma fram til Jesus for folkestimen; då tok dei taket av der som han var, og då dei hadde brote hol i himlingen, fira dei ned sengi som den lame låg i.
Då stod han upp, tok sengi si i same stund og gjekk ut for alle manns augo, so dei alle vart reint frå seg av undring og lova Gud og sa: Slikt hev me aldri set fyrr!
So hende det at Jesus sat til bords i huset hans, og mange tollmenn og syndarar sat saman med han og læresveinane hans; for dei var mange, og dei fylgde han.
Og då dei skriftlærde og farisearane såg at han åt i lag med tollmenn og syndarar, sa dei til læresveinane hans: Et han i lag med tollmenn og syndarar?
Jesus høyrde det og sa til dei: Det er ikkje dei friske som treng lækjar, men dei som hev vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar.
Både læresveinane åt Johannes og læresveinane åt farisearane heldt fasta. Og folk kom og spurde Jesus: Korleis hev det seg at læresveinane åt Johannes og åt farisearane fastar, men dine læresveinar fastar ikkje?
korleis han gjekk inn i Guds hus, den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrødi - dei som ingen utan prestane hev lov til å eta - og gav fylgjet sitt med seg?