Norsk Oversettelse 1938
|
| 1 |
| Tridje dagen stod det eit brudlaup i Kana i Galilea. Mor åt Jesus var der, |
| 2 |
| og Jesus og læresveinane hans vart og bedne til brudlaupet. |
| 3 |
| Då vinen traut, segjer mor åt Jesus til han: Dei hev ikkje vin. |
| 4 |
| Kva vil du meg, kvinna? svara Jesus; mi tid er ikkje endå komi. |
| 5 |
| Gjer alt han segjer til dykk! sa mor hans til bordsveinane. |
| 6 |
| Etter di no jødane hev for vis å två seg fyre måli, stod det der seks vass-kjer av stein; kvart av dei tok tvo eller tri anker. |
| 7 |
| Fyll kjeri med vatn! segjer Jesus til bordsveinane. Då fyllte dei kjeri heilt uppåt breiddi. |
| 8 |
| So sa han til dei: Aus no upp og ber det til kjøkemeisteren! Dei so gjorde; |
| 9 |
| men då kjøkemeisteren hadde smaka på vatnet, som var vorte til vin, og ikkje visste kvar den vinen kom ifrå - men bordsveinane visste det, dei som hadde aust upp vatnet - so ropa han på brudgomen og sa til han: |
| 10 |
| Kvar mann set fyrst fram den gode vinen, og når folk hev vorte drukne, den ringare; du hev gøymt den gode vinen til no! |
| 11 |
| Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilea og let sin herlegdom skina fram; og læresveinane hans trudde på han. |
| 12 |
| Sidan for han ned til Kapernaum med mor si og brørne og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre få dagar. |
| 13 |
| Det leid til påskehelgi åt jødane, og Jesus for upp til Jerusalem. |
| 14 |
| I templet fann han folk som selde uksar og sauer og duvor, og andre som sat og veksla pengar. |
| 15 |
| Då gjorde han seg ei svepa av reip og dreiv dei alle ut or templet, og sauene og uksane med; småpengane åt vekslarane kasta han utyver, og velte bordi deira, |
| 16 |
| og til duvekræmarane sa han: Burt med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ei krambu! |
| 17 |
| Og læresveinane kom i hug at det stend skrive: Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg upp. |
| 18 |
| Då tok jødane til ords og sa til han: Kva teikn syner du oss, sidan du gjer dette? |
| 19 |
| Jesus svara: Riv dette templet ned, og eg skal reisa det upp att på tri dagar! |
| 20 |
| Då sa dei: I seks og fyrti år hev det vore bygt på dette templet, og du vil reisa det upp att på tri dagar! |
| 21 |
| Men det var lekams-templet sitt han tala um. |
| 22 |
| Då han no hadde stade upp frå dei daude, kom læresveinane hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifti og det ordet Jesus hadde sagt. |
| 23 |
| Medan han var i Jerusalem i påskehelgi, på høgtidi, trudde mange på namnet hans då dei såg dei teikni han gjorde. |
| 24 |
| Men sjølv trudde Jesus seg ikkje til dei, av di han kjende alle, |
| 25 |
| og ikkje trong at nokon skulde vitna um noko menneske; for han visste sjølv kva som budde i menneskja. |
|
| Lagre Notater |
https://beblia.bible:81/BibleAudio/norwegian1938/john/002.mp3
21
2