men endå me fyreåt hadde lide og vorte ille medfarne i Filippi, som de veit, fekk me då frimod i vår Gud til å tala Guds evangelium til dykk i stor strid.
men liksom me er haldne verdige av Gud til å få evangeliet yverlate, soleis talar me, ikkje som dei som vil tekkjast menneske, men Gud, han som prøver hjarto våre.
For de minnest då, brør, vårt strev og vår møda: medan me arbeidde natt og dag, so me ikkje skulde vera nokon av dykk til tyngsla, forkynte me Guds evangelium for dykk.
Og difor takkar me og uavlatande Gud for at då de fekk det Guds ord me forkynte, so tok de imot det, ikkje som eit menneskeord, men - som det i sanning er - eit Guds ord, som og tér seg verksamt i dykk som trur.
For de, brør, hev vorte etterfylgjarar til dei Guds kyrkjelydar som er i Kristus Jesus i Judea; for de hev og lide det same av dykkar eigne landsmenn som dei hev lide av jødane,
Men då me, brør, ei liti stund hadde våre skilde frå dykk, med åsyn, ikkje med hjarta, so gjorde me oss i vår store lengting so mykje større umak for å få sjå dykkar åsyn,