Josva Nunsson sende i løynd tvo speiarar ut frå Sittim og sa til dei: Tak av stad og sjå dykk um i landet, helst i Jeriko! So for dei i veg, og då dei kom fram, gjekk dei inn til ei skjøkja som heitte Rahab, og der fekk dei hus.
So sende kongen bod til Rahab og sa: Kom fram med dei mennene som er komne til deg, og som du hev lånt hus! Dei vil speia ut heile landet; det er det dei er komne for.
og sa til dei: Eg veit at Herren hev gjeve dykk dette landet. For dykkar skuld hev det kome ein otte yver oss, og alle som bur her i landet, er so redde dykk at dei skjelv.
For me hev fenge spurt at Herren turka ut Raudehavet framfyre dykk då de for frå Egyptarland, og me hev høyrt kva de gjorde med båe amoritarkongane på hi sida Jordan, Sihon og Og, dei som de bannstøytte.
Då me høyrde det, kolna me all igjenom, so redde vart me, og no finst det ingen meir som hev mod til å møta dykk; for Herren dykkar Gud han er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi.
Då sa mennene: Med vårt eige liv skal me svara for livet dykkar, so sant de ikkje let nokon få vita kva ærend me fer i; og når Herren gjev oss dette landet, so skal me vera trugne og miskunnsame mot deg.
Og ho sa til dei: Far no til fjells, so de ikkje møter dei som leitar etter dykk, og haldt dykk løynde der i tri dagar, til dei kjem att; sidan kann de fara kvar de vil.
Når me kjem inn i landet, skal du binda denne raude snori i vindauga som du fira oss ned frå, og so skal du samla foreldri og brørne dine og alt skyldfolket ditt i huset hjå deg.
Gjeng då nokon ut or husdøri di, so er det hans eigi skuld um han vert drepen, og me er skuldlause; men vert det lagt hand på nokon av dei som er i huset hjå deg, so skal me svara for livet hans.
Dei gjekk til dei kom upp i fjellet; der heldt dei seg i tri dagar, til dei som hadde sett etter dei, var attkomne; dei hadde leita etter heile vegen, men ingen funne.
So tok dei tvo ferdamennene på heimvegen og gjekk ned frå fjellet og sette yver elvi og kom til Josva Nunsson og sa frå um alt det som hadde hendt dei.